Vikalida barnehage er ein barnehage med 100 heildagsplassar, der dei vaksne jobbar i eit team. Barnehagen vart opna i april 2007.
Profilen vår er natur og friluftsliv, der dei fire grunnelementa jord, luft, eld og vatn står sentralt. På huset har vi 5 basar. Basane våre har fått navn etter grunnelementa jord, luft, vatn og eld. Spiren (1 -2 år), Virvelvinden( 2 - 3 år), Dråpen (3 - 4 år) og Gloa (4 - 5 år)Gneisten(5 - 6 år). Vi gjev tilbod om 2, 3, 4 og 5 dagar, og barnehagen er for aldersgruppa 1 - 6 år.
Opningstida er kl 07.30 - 16.30.
Barnehagen er bygd som ein avdelingsfri barnehage. Der ein trelavo skal være i bruk av ei base til ein kvar tid. Til denne trelavoen er det eit amfi, eldstad m/benkar, ein gapahuk/scene og ein stor bakaromn. Vidare har vi satt opp ein heilårslavo på eit utvalt naturområde med kort avstand til barnehagen.
Dei minste som vi kallar Spirar har tilhaldstad i fløyen bak barnehagen. Dei har eigen inngang og garderobe. Røynslene vi har gjort oss, er at dei minste til ein viss grad må skjermast for å bli trygge.Men etterkvart utvidar dei horrisonten sin, der dei eldre barna er flinke med å ta vare på og inkludere dei i leiken sin.
Med eit velutstyrt kjøkken som er plassert sentralt i huset, håpar vi å legge til rette for satsingsområdet helse, kropp og kosthald. Med heimebaka brød og sunne varmrettar frukt og grønt, vonar vi at barna får gode lukt- og smaksopplevingar. Vi er ein MER-barnehage.
Våre satsingsområde er:
- Natur og friluftsliv
- Helse,kropp og kosthald
- Vaksenrolla
- Dei yngste
Vår visjon er: ”Vi vil så spiren til det gode liv”