Tonning barnehage har 6 avdelingar (132 heildagsplassar)
Tonning Barnehage har ein 29-årig barnehagetradisjon. Siste tilskotet vårt er at vi i April 09 starta opp ei barnegruppe med mobil pedagogikk. Avdelinga har ein eigen spesialinnreidd buss som tek avdelinga ut til ulike basar 4 dagar i veka. Den 5 dagen er bussen turbuss for dei andre avdelingane i barnehagen. Barnehagen har eit stort og variert uteområde med mange aktivitets-mogelegheiter, eigen stor-lavvu og bålplass. Vi har tre avdelingar for 0-2 år(Maurtua , Bamsebo og Bøagrenda), og tre for 3-6 år (Trolltind, Homlebolet og den mobile gruppa). Vi meiner vi best kan legge til rette for dei ulike aldersgruppene sine ynskjer og behov ved denne organiseringa, men har tett samarbeid og mange aktivitetar felles og på tvers av avdelingane.
Vi er mykje ute i Tonning barnehage, mest på uteleikeplassen vår, men også på turar i nærområdet. Vi legg stor vekt på å gje leiken og vennskap ein sentral plass i barnehagen og legg spesielt vekt på at barna skal utvikle glede over uteleiken. I tillegg har vi mange og gode tradisjonar innanfor arbeid med nære og fjerne kulturar.