Stryn vaksenopplæringssenter vart etablert med verknad frå 01.08.08.
All undervisning for vaksne ligge under "Stryn vaksenopplæringssenter". Denne undervisninga føregår primært i 2. etasje i Stryn kulturhus. Vaksenopplæringssenteret har ansvar for alle vaksenopplæringstiltak etter vaksenopplæringslova, introduksjonslova og opplæringslova:
- Grunnskuleopplæring for vaksne
- Spesialundervisning for vaksne
- Norskundervisning for vaksne flyktningar og innvandrarar