Oppstryn skule ligg ved austre enden av Oppstrynsvatnet på nordsida av Hjelledøla. Her er flott utsikt til fjella omkring og bygningen ligg like ved idrettsplassen og stranda i Lund. Den nye skulen vart bygd i 1975 og er sentralskule for dei tidlegare skulekrinsane Grov, Hjelle, Erdalen og Strandsida. I 2002 vart namnet endra til Oppstryn skule og barnehage.
Skulen har uteskule i Bombeneset som ligg 1 km aust for Hjelle mot Bolstad. Her har vi tilgong til elva Hjelledøla, dyrka jord, eng og hage, variert skog med mange bonitetar, bål-plass og ei utelade.
Skulen er ein barneskule med 30 elevar på 1.-7. årstrinn. Det er seks tilsette ved skulen i 2013/2013.
Sentrale satsingsområde er: Språkstimulering/lesedugnad, fokus på talforståing og uteskule med fokus på kjennskap til nærmiljø og auka fysisk kompetanse. Målet er også å arbeide for godt samarbeid, samhald og tryggleik mellom borna, mellom borna og dei vaksne og mellom heimane og oppsvekstsenteret.
SFO: Oppstryn skule fekk skulefritidsordning hausten 1997. 15 elevar deltek i denne ordninga, og SFO har to tilsette i 2012/2013.
Oppstryn barnehage ligg på Hjelle og er ein del av oppvekstsenteret i bygda. I 1990 vart det bygd barnehage som påbygg til skulen. Uteområdet er utbygd og lagt til rette for leik og aktivitetar for born frå 1 år og oppover. Barnehagen, skulen og SFO har felles bygg og uteareal. Vi ligg nær skogen og fjæra, med nokre gardsbruk i nærleiken. Vi har fint turområde som vi ofte nyttar til småturar m.a. til Glomnes, Hjelle og Bombeneset. Barnehagen har fem tilsette, og to vikarar i tidsavgrensa arbeidsavtalar. Sentrale satsingsområde er: Språkstimulering, sosial kompetanse, fysisk kompetanse og utvikling av kunnskap om lokalmiljøet med temaet: Bygda mi!
Oppstryn skule og barnehage sin visjon er:
"Glede skaper tryggleik, tryggleik skaper trivsel og trivsel skaper læring!"