Gjennom felles regional innsats er det utvikla kvalitetssystem for skular og barnehagar i Nordfjord. Grunnlaget for kvalitetssikringssystemet er samla i ein perm for barnehage og ein for skule. I dette materialet ligg det tilrettelagt eit omfattande grunnlag for korleis kvalitet skal sikrast innafor dei fleste ansvarsområde.
Kvaliteten i skular og barnehagar skal utviklast gjennom ei grundig vurdering av det arbeidet som blir gjort, og med basis i desse vurderingane legge grunnlag for vidare utvikling.
I oppfølging av kvalitetssikringsarbeidet har regionen mellom anna prioritert desse tiltaka:
• Dialog som verktøy, både brukardialog og styringsdialog.
• Pedagogisk årsrapport som grunnlag for ei grundig intern vurdering. Årsrapporten skal ha eit pedagogisk fokus. Rapporten føl skule- og barnehageåret. Sentrale kvalitetsområde: Strukturkvalitet, prosesskvalitet og resultatkvalitet.
Sentralt i denne rapporteringa er rektor/styrar si vurdering av kvart av kvalitetsområda, og planlegging av tiltak for å auke kvaliteten. Planlagde tiltak skal vidareførast i verksemdplanen for komande skule-/barnehageår.
• Trinnet sitt årsmøte. Oppsummering av siste året for foreldre (og barne). Sentrale fokus. Blir også lagt til rette for bruk i barnehagegrupper.
• Kvalitetsvurdering og resultatvurdering på elevnivå.
Legge vekt på måloppnåing og tiltak basert på kartlegging/oppfølging av elevane si utvikling. (jfr. Prosjekt tilpassa opplæring).