Sandane skule er ein fulldelt barneskule og har skuleåret 2010/2011 243 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg fint til i Ulvesbakken på Sandane som er kommunesenteret i Gloppen kommune. Skulen vart bygd i 1977 og påbygd i 1997 i samband med 6-årsreformen. Skulen har eigen SFO-ordning med om lag 50 born påmelde.