Nordfjordkursa 2011

Nordfjordregionen har lagt opp til ei fellessatsing på vurdering over 2 år. Vi er no inne i avsluttingsfasen av felleskursinga. På grunn av at ein del skular ikkje hadde høve til å prioritere deltaking på vurderingskursa i august 2010, vil tilbodet vere omfattande også dette året.

Publisert av Arne P. Sunde. Sist endra 15.12.2011
Fotograf: Frode Vik
Kursplanlegging fotograf Frode Vik

Det er lagt opp til eit felleskurs som blir halde begge dagane. Dei som ikkje har høve til å delta 11. august, kan få same tilbodet dagen etter. Dette kurset er lagt til Operahuset på Nordfjordeid. For dei andre kursa vil kursstaden bli avgjort etter påmelding.

Alle kursa er dagskurs, og vi reknar med at dei fleste vil delta på to kurs. Her blir det viktig å prioritere slik at ein får med seg dei tema skulane prioriterar. 

Påmeldingsfristen er sett til 10. juni. Påmelding etter fristen vil bli akseptert t d for lærarar som ikkje er tilsette ved utgangen av påmeldingsfristen.

For påmelding trykk her

Her finn du ei pdf fil med oversikt over alle kursa: Nordfjordkursa 11

Vurderingskompetanse er kompetanse alle skal ha utan omsyn til kva fag ein underviser i. Det er difor viktig at kvar skule legg tilhøva til rette for at alle lærarar får høve til å delta i den felles kursinga. Regionen er i ferd med å utvikle verktøy til bruk i undervegsvurderinga i skulen, men vurderingskulturen må utviklast gjennom kompetanseheving og praktiske erfaringar. 

Vi har vore så heldige at vi har fått med oss dyktige førelesarar får kompetansemiljøa BroAschehoug og Gyldendal kurs og kompetanse.

Frå Bro: Trine Gustavson og Hilde Schjerven. Frå Gyldendal: Charlotte Duesund, Line Tyrdal og Beate Aske Løtveit.Alle desse har solid bakgrunn frå skuleverket og oppdaterte erfaringar innafor temaet.

Viser elles til grundig presentasjon av både kursinnhaldet og kurshaldarane i sjølve kurspresentasjonen.

I kurstilbodet vil vi i tillegg til felleskurset har kurs med varierande innhald innafor spesifikke vurderingstema, som: Arbeid med kjenneteikn for måloppnåing, vurdering i kroppsøving, frå undervegsvurdering til standpunktvurdering/sluttvurdering (u.trinnet), vurdering for læring og læringsstrategiar og vurdering.

Klasseleiingssatsinga blir avslutta med ei samling på Nordfjordeid, Operahuset, 11.august. Deltakarane på dette opplegget ei fast gruppe frå ungdomstrinn i regionen, og skal ikkje melde seg på dette kurset gjennom påmeldingssystemet. Vi reknar med at desse deltakarane vil melde seg på dei ordinære kursa den 12. august.

 Sjå oppdatert kursoversikt på lenkja under.

Påmeldingsfrist er 10.Juni.  Påmeldingslister vert lagde ut medio juni.

Her finn du ei pdf fil med oversikt over alle kursa: Nordfjordkursa 11

For påmelding trykk her

Dersom du har spørsmål vedrørande påmeldinga, kontakt Arne P. Sunde på tlf: 99 28 86 11 eller arnep.sunde@stryn.kommune.no

 
Sophus
Selje
Gloppen
Hornindal
Stryn
Bremanger
Vågsøy
Eid