Søk

 

Stryn ungdomsskule

Adresse:
Tonningsgt. 82
6783 Stryn

Publisert av Karin Sæten. Sist endra 03.09.2014
Stryn ungdomsskule
Stryn ungdomsskule.

Stryn ungdomsskule ligg rett aust for Stryn sentrum. Skulen var ein av dei første i landet som starta opp med 9-årig skule i 1957. Skulen fekk nytt påbygg i 1995 med nye klasserom og arbeidsplassar til lærarane. Skulen har skuleåret 2014/2015 203 elevar og har 34 tilsette. Elevane kjem frå barneskulane Rand, Nordsida, Tonning og Oppstryn.

Skuleåret 2014/2015 skal vi utvikle kompetansen vår i bruk av digitale tavler. I tillegg vil skulen arbeide vidare med vurdering og lesing i alle fag.

Stryn ungdomsskule har ein visjon som vi jobbar etter. Visjonen vår er : "Stryn ungdomsskule er ein skule der alle synest det er godt å vere og godt å lære"
Visjonen tek utgangspunkt i verdiar og haldningar som vi meiner er viktige for at alle brukarar av Stryn ungdomsskule skal oppleve skulen som ein positiv lærestad og arbeidsplass. Det skal vere rom for at alle skal kunne utvikle seg i eit trygt, sosialt, kulturelt og fagleg felleskap.

Stryn - Kontaktinfo - Stryn ungdomsskule
FunksjonNamnTelefonE-post
RektorKarin Sæten57 87 29 50 karin.saeten@stryn.kommune.no
InspektørKari Nyberg57 87 29 70 kari.nyberg@stryn.kommune.no
RådgjevarJon Are Steen57 87 29 80 jon.steen@stryn.kommune.no
Foreldrekontakt
FAU - Foreldra sitt arbeidsutval
Stryn ungdomsskule
Ungdomsskulen sett frå sør.
Stryn ungdomsskule
Basketballbana.
Stryn ungdomsskule
Gymnastikksalen med Strynebygda i bakgrunnen.
Sophus
Selje
Gloppen
Hornindal
Stryn
Bremanger
Vågsøy
Eid