|
|
|
|
|
|
| |
 Publisert 08.05.2013
Nordfjordkursa 2013 blir haldne 14. og 15. august. Kompetansenemnda bad om at skulane i regionen melde inn kursønskje/-behov som grunnlag for planlegging regionskursa. Basert på desse innspela har kompetansenemnda lagt til rette for eit breitt kurstilbod for kursdagane i august. Påmeldingane vil vere avgjerande for kva kurs som kjem i gong.
 Publisert 07.05.2013
Nordfjordregionen tilbyr kurs for lærarar som skal ha førsteklasse skuleåret 2013/2014. Kurset blir lagt til Eid eller Vågsøy etter påmeldingsmønster 06.06.2013 kl. 09.30 - 14.30. Kurshaldar er Annelin Refvik
 Publisert 29.04.2013
FBI, forum for barnehageutvikling i Nordfjord, har hausten 2012 arbeidet med ein rekrutteringskampanje, som er tenkt å nå ut til førskolelærarar om å søkje jobb i vår region.
 Publisert 09.04.2013
Med bakgrunn i felles regional satsing på IKT mot oppvekstsektoren i dei sju Nordfjordkommunane, blei det onsdag 10. april 2013 gjennomført ein felles fokusIKT dag i Nordfjord. Samlinga blei ein trivelig dag med fagleg påfyll og gode diskusjonar rundt oppvekst og IKT.
 Publisert 08.03.2013
Stad: Operahuset Nordfjord (Eid) Tid: 10.04.2013 kl 09.30-16.45 Deltakaravgift: kr 400,- inkl. kaffi og to måltid Last ned programmet her. Påmelding her.
 Publisert 05.02.2013
Tysdag 5 februar blei det avholdt opplæring/oppfrisking av kommunale ressurspersonar/administratorar i Nordfjordregionen. Samlinga markerar oppstarten av vidare opplæring og utrulling av CLG i Nordfjord
 Publisert 02.01.2013
Tid: onsdag 13. og torsdag 14. februar 2013 Stad: Hotel Alexandra Loen
Sjå programmet her Prisar her Påmelding her
Vi inviterer med dette til Nordfjordregionen sin årlege leiarkonferanse i Loen. Tradisjonen tru tek vi opp aktuelle emne knytt til leiararbeidet i barnehage og skule. Dette skal vere ein arena der leiarar innan skule og barnehage kan møtast for fagleg påfyll, nettverksarbeid og sosialt samvere.
 Publisert 23.11.2012
17.- 21. september reiste tre representantar frå barnehagane på studietur til Stockholm. Turen var arrangert av FBI (forum for barnehageutvikling). Gruppa består av ein barnehage representant frå kvar kommune i Nordfjord.
 Publisert 15.08.2012
Onsdag 15 og torsdag 16 august blei det gjennomført CLG kursing av tilsette i Nordfjordregionen. Kurset hadde omlag 90 deltakarar og blei gjennomført av tilsette i Oppad med god hjelp frå ressurspersonar i regionen.
 Publisert 22.05.2012
Den nye læringsplattforma Connected Learning Gateway (CLG), har to offisielle heimesider. Den einie er laga av Oppad. Oppad er den norske leverandør/distrubutør av CLG. Den andre er laga av ITWORX. ITWORX er dei som lagar CLG. Heimesidene gir nyttig informasjon om læringsplattforma, så klikk inn og sjå!
|
|
|
|
|